5 Songs, Op. 26: Iv. Med En Primula Veris (The First Primrose)
Bodil Arnesen
2:06Enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma, heggen med tre som der blomar var på, eg atter såg bløma. Enno ein gong fekk eg isen å sjå frå landet å fljota, snjoen å bråna og fossen i å, å fysa og brjota. Graset det grøne eg enno ein gong fekk skoda med blomar, enno eg høyrde at vårfuglen song mot sol og mot sumar. Eingong eg sjølv i den vårlege eim, som mettar mitt auga, eingong eg der vil meg finna ein heim og symjande lauga. Alt det, som våren i møte meg bar, og blomen eg plukka, fedranes ander eg trudde det var som dansa og sukka. Difor eg fann millom bjørkar og bar i våren ei gåta, difor kvar ljod i den fløyta eg skar, meg tyktes å gråta.