Spelemannsdraumen
Geirr Lystrup
3:58Ein gamal jordmorkuffert stend til sides i ei krå Med barselklutar lag på lag og mangt eit kjeringråd Den skal kje lenger takast fram til hjelp mot verk og ve For no er JordmorKari død og lagd i jordi ned Og sungi hev dei grovt og grant slik gravferdsfylgje gjer Og Brauti'n legg inn dubbel snus, her er så hustre ver Og Olav Post hev vermt seg upp med drammar ein og to For alle vil ha noko sagt til JordmorKari no For det var ho som løyste dei ein gong i barselseng Ho turka blod av blåe kinn, ho klypte navlestreng Og somme kom med enden fyrst og somme kom med tang Men alle skreik seg te eit liv i Karis jordmorfang Ja høg og låg fekk same stell i Karis breie hand Bå' Benny Boy forutan far og Johan utan land Og han som no er ordførar han fekk ein lusing bak Ho slo eit slag for livet her i mangt eit knipe tak No er det sagt som seiast skal innved ei jordmorgrav Men vesle Anne tenkjer høgt til far ved sia av Får håpe då at englane i himmelen får små Så JordmorKari dera au får litt å gjera på