Samarkand
Geirr Lystrup
4:12Amerika, på dine glade torg Sel du ei frukt av sveitte, blod og sorg Ho sto fram og sa det På ei barrikade Gav du henne banesår Eit telegram – eit sus i heimleg lyng Eit sørgebod står stille fram og syng Songen om ei kvinne Ho som ville vinne Rettferd for El Salvador Marianella Du lyser i ein mørk fiol Marianella Du sloss for menneskerett Du fall, men du har sett Ein fakkel opp, den blenkjer som ei sol Så vaknar vi, og tusen stjerner skjelv Som morild høgt i verdas største elv Utan at dei vil det Teiknar dei eit bilde Teiknar hennar bleike fjes All jorda rundt ho ser og følgjer med Når urett skjer i både krig og fred Sender ho ei stjerne Frå sin klåre hjerne SOS – som alle les Marianella Du lyser i ein mørk fiol Marianella Du sloss for menneskerett Du fall, men du har sett Ein fakkel opp, den blenkjer som ei sol Marianella Garcia Villas, forkjemper for menneskerettighetene i El Salvador, ble brutalt drept av militsen 14. mars 1983 Jeg skrev denne sangen først på engelsk og framførte den med Birgitte Grimstad ved Den Frie Faglige Internasjonalens verdenskongress i Oslo 1984