Wenche Med C
Geirr Lystrup
3:44Det er onsdag over landet, det er onsdag i mitt liv Det er onsdag i min kaffikopp og i mitt tidsfordriv Det er onsdag i min søknad og i min kulepenn Det er onsdag, alltid onsdag når eg får eit svar igjen Kall det førtidspensjonering eller kall det sparken bak Reduksjon og permittering, fine ord for same sak Når du står der utan arbeid og veka går i stå Då er onsdag, evig onsdag alt du har å lite på Å, onsdag – kom deg ut av senga mi Kjære onsdag – gje meg arbeid veka ut og helgefri Ho tar kjolen på seg kjeringa med rouge og kjakekrem Ho er stilig, og ho kysser meg på halsen der ho kjem Ein laurdagskveld på byen, seier ho, er det som trengs Nei så dæven, det er onsdag, svarar eg og går til sengs Og eg drøymer om han Robinson som ikkje ville døy Han som berga seg med Fredag på ei øde sydhavsøy Men til øya mi kjem Onsdag, og han er kannibal Han et meg sakte innafrå så tom som eit skal Å, onsdag – kom deg ut av senga mi Kjære onsdag – gje meg arbeid veka ut og helgefri Inni luka på kommunen sit ein mann, uvanleg raus Han smiler ut til køen, han er ikkje arbeidslaus Han byr på ein pastill og seier: Sorry, gamle katt Ingen jobb, men prøv i morgon, for då er det onsdag att Og eg riv av nok ein onsdag og får ein glup idè Om ein splitter ny kalender som kan bli ein stor suksess Ein med svart i svart av onsdag, eine dagen andre lik Og det blir jo fleir og fleir av oss, så eg blir sikkert rik – på ein Onsdag – kom deg ut av senga mi Kjære onsdag – gje meg arbeid veka ut og helgefri