Thoughts Of You
Michael Hoppé, Martin Tillman & Tim Wheater
3:00Her bur no visst ein avholdsmann lengst uti bygdi Sju uddi uddi laddi avholdsmann i bygdi I Farrismisjonen med kjeringi og sonen Han trur det er skadeleg med laddevin og pons Men det gjer ingentingen han bryr vel ingen Gjev du 'n biff så kan du lure i 'n vin Og sjøl om originalen stakkar er galen Har han au ei lerke som han kallar medisin Her bur no visst ein målmann lengst uti bygdi Sju uddi uddi laddi målmann i bygdi Hald på dialekti så heidrar du slekti Han skriv eit gamalnorsk han snautt skjønar sjøl Men det gjer ingentingen han bryr vel ingen Snart er han gamal nok og dauar likevel Og sjøl om originalen stakkar er galen Skjønar han engelsk så han ikkje svelt i hel Her bur no visst ein kommunist lengst uti bygdi Sju uddi uddi laddi kommunist i bygdi Streik og spetakkel og Lenins mirakkel Skriv om det i avisa og breskar seg og skryt Men det gjer ingentingen han bryr vel ingen Far hass er god for over ein million Så sjøl om originalen stakkar er galen Her heime vil han aldri ha revolusjon Her bur no visst ein predikant lengst uti bygdi Sju uddi uddi laddi lengst uti bygdi Himmelens glede og Helvedes vrede Les det upp frå Bibelen og trur det er sant Men det gjer ingentingen han bryr vel ingen Lite er han heime for han rek så vidt ikring Og sjøl om originalen stakkar er galen Høyrde me 'n banna då han Klemde sund ein fing Å fy søren sa 'n fy søren sa 'n Fytte grisen skammeskinn og fytte grisen fy Å fy søren sa 'n fy søren sa 'n Fytte grisen skammeskinn og fy Her bur no visst ein innflyttar Lengst ut i bygdi Sju uddi uddi laddi innflyttar i bygdi Ståkar og stukar ja tenk at 'n brukar Furu til julegran i staden for gran Men det gjer ingentingen han bryr vel ingen Ingen drikk juledram hos han vil eg tru Og sjøl om originalen stakkar er galen Far hass var verre han kom hit i nitten sju