Ha Ti Dæ! (Kakelinna)
Geirr Lystrup
3:01No brenn det haust i li No er fjør og fauna i fare Olav han gløymer infarkten frå i fjor Han ladar opp med krut Og ein tår av hederleg vare Kåt som ein katt ligg N flat i urda etter rypespor Rypene baksar garpar og flaksar Over berg og finne Olav han tråvar trakkar og snåvar Brenner av i blinde Rypene rømer Olav han tømer Hagl i lyng og mo Men flyg berre flyg du rype Eg får sausen og den er god Det stig ein vind frå Nord den råkar Olav i hjartet Hau det er haust men du spør om Olavs vår Då var det gaste liv ja Då var det jegar og kar te Då var det dans og der Var han etter rypa som ein mår Ja då var 'n støvar frekk som ein røvar Heit av laurdagsknerten Jentene dansa hu som dei svansa Rundt med vals i stjerten Då hadd 'n mange jenter i fanget Ei natt eller to Men flyg berre flyg du rype Eg fekk sausen og den var god Han Olav dreg seg heim Sjøl om fangsti heller er mager Heim til ei kjering som feller gamle fjør Han Olav kan kje sei At den gamle røya er fager Dreg på ein fot og ho Kaklar håst ho er vel reint for mør Men bakom det gråe inn i det blåe Bur ho i eit minne Då var det kraft i sevje og saft i Detta kjeringskinnet Dersom han myser ser han det lyser Mellom han og ho Så gråt ikkje gamle rype me hev Sausen og den er god