Gar Min Eigen Veg
Glittertind
4:37Velkomen atter hit til våre grender Velkomen her du sæle sumarkveld Med lauv og gras utyver alle strender Og gule blomar I den grøne feld Med lette småsky lagd I lange render Som trådar I det høge himmeltjeld Og med den milde ljossken som seg breider Utyver fjell og fjord på alle leider Den siste solblenk er I havet sokken Den fyrste kjem snart or den låge grop Ein dag er tendrad fyrr enn hin er slokken Og kveld og morgon renna heilt ihop Snart vaknar upp den kvilde fugleflokken Og helsar morgonen med glederop So riser soli til den lange svingen Og set ein annan let på heile kringen Kom lat oss nøyta tidi som ho skrider Og minnast at ho skrider ofsa fort Med kvar ein dag med kvar ein kveld som lider Eit stig mot myrke vetteren er gjort Det kjem ein dag då kvar ein blom som bider Er fallen av og slikt eit fall er stort Di skal eg sjå på blomen fyrr han blaknar Og nøyta sumar'n fyrr eg honom saknar