Notice: file_put_contents(): Write of 637 bytes failed with errno=28 No space left on device in /www/wwwroot/muzbon.net/system/url_helper.php on line 265
Glittertind - Soria Moria | Скачать MP3 бесплатно
Soria Moria

Soria Moria

Glittertind

Альбом: Blåne For Blåne
Длительность: 4:05
Год: 2015
Скачать MP3

Текст песни

Eg har ein draum om å få leve,
fri som fuglen høgt i sky.
Eg har ein draum
om å ikkje lenger streve.
No vil eg byrje heilt på ny.

Så lett å gå rundt og fantasere,
men gud så vanskeleg å ta sats.
Kan hende eg
er den som dirigerer?
Mitt eige liv, min eine sjans' -

Til å finne eventyrland,
til å vandre hand i hand.
Mot ein himmel i brann,
eg leitar meg fram,
til lykka, trur eg?

Om du trur på meg!
Og eg trur på deg!
Om du trur på meg,
så vil eg tru,
også litt på meg -

Myrke skyer vil dei fare,
slik skuggar renn når dagen gryr?
Med lette steg
vil eg møte alle andre.
Dei og eg og tida flyr.

Om mange seier det er umuleg,
om mange veit betre enn best.
Då seier du
noko som er heilt utruleg:
At eg er slettes ikkje verst -

Til å finne eventyrland,
til å vandre hand i hand.
Mot ein himmel i brann,
me leitar oss fram,
til lykka, trur eg?