Lost Lovers (Single Edit)
Ine Hoem
3:47Kveldssalme Så stilt som berre vinden snur når sommarnatta går mot dag. Så stilt som berre barnet søv med fred i sine andedrag. Så stilt blir Herrens nåde sendt og dagen varer tusen år. Så fort som fargar skiftar lei i auga til ei vaken sjel. Så vart som elskarhanda kling i stilla etter harpespel, slik fyller Herren tusen år med lyset frå ein sommardag. Så lett som dogga kjem og går, så stilt som blomar fell til ro. Så mildt som sus frå nattleg hav skal Herrens time koma no. For han er dagen tusen år og tusen år ein sommardag.