Albertine
Geirr Lystrup
4:16No er det vår i eplehagen, du skulle vore med i valsen No lyfter sevja sine safter ombord i gamle tre Og trea heiser kvite segl og ber om groversbør Så greiner som du eingong poda inn kan fylle sine slør Bestefar – det gror av dine hender Bestefra – dei gamle trea sender Bestefar – eit brev med godlukt frå ein blomstringsdag Bestefar – ta på deg arbeidskappa Bestefar – kom ut på himmeltrappa Bestefar – så dreg du inn eit salig magadrag Kjenn det angar Signe Tillisch Haugmann frir og sender våte slengkyss Gravenstein med raude adamseple Brusar i eit kor til Evas pris Du sto med føtene på jorda, eit liv med planter, kvist og tynning Men hausen lengta mot det høge, no er du der for visst Sjøl har eg falle langt frå stammen, men endå kan eg sjå Eit tre som veks seg inn i himmelen med kronårsavling på Bestefar – plukk eple opp i lua Bestefar – sorter dei inni bua Bestefar – og gje Vårherre av den beste sort Bestefar – hugs det kjem andre tider Bestefar – så sett ein dunk med sider Bestefar – i lystig lag går vinternatta fort Kjenn det angar Signe Tillisch Haugmann frir og sender våte slengkyss Gravenstein med raude adamseple Brusar i eit kor til Evas pris