Reinlender
Geirr Lystrup
3:21No er granbaret strødd på trammen, no er dukane lagt på bordet No er godtfolk og alle sammen ønskt velkomen, og no syng koret Syng om lerka, syng om våren, så ein gråstein kan ta te tåren' Det er stemning, det er laurdag, og det er grendelagsfest Og ho Gunnhild og Mari hass Jo Står som vanleg på kjøkenet no Smører skiver og legg dei på fat Så det blir til kaffimat No kan Olav gå fram på scena og lesa diktet han sjøl har dikta No syng Astrid om Skjøn Helena som var trufast men som blei svikta Og Johansen den galne skrotten kjem med skrøner og får opp låtten Så kan alle synge saman og dra stolen til bords Og ho Gunnhild og Mari hass Jo Kjem i bunad og låghæla sko Og kan dele ut egg og ansjos Og litt søtt til kaffikos Og når alle har nok i magen då kan kvendi få ta av bordet Men før karane ryddar salen vil han Olav få be om ordet Han vil sei litt om mat og bite, og til dei som har bakt og slite Vil han gje eit takk for maten med ein kraftig applaus Og ho Gunnhild og Mari hass Jo Dei er glad dei iallfall er to Som kan dele på bifallets brus Før dei gjeng og vaskar krus Og i såpe og lunka vatn blir det blåe seviset turka Dei kan høyre den glade skratten frå ein toraden med masurka Men når dei to vil prøve dansen og få svingt litegrann på svansen Då er siste leiken låten, og det var damenes vals Og så må Gunnhild og Mari hass Jo Køyre gubben sin heim og til ro Og når me skal ha fest her på ny Veit me kven me helst kan bry