Notice: file_put_contents(): Write of 634 bytes failed with errno=28 No space left on device in /www/wwwroot/muzbon.net/system/url_helper.php on line 265
Geirr Lystrup - Kråkesalme | Скачать MP3 бесплатно
Kråkesalme

Kråkesalme

Geirr Lystrup

Альбом: 20 Ballader
Длительность: 3:55
Год: 2019
Скачать MP3

Текст песни

Dei ba meg om å skrive ei salme
Ei slik ei som folk vil ha
Ei salme med tru håp og kjærlighet
Og passe med halleluja
Eg stirra heile natta i papiret
Men ingenting blei åpenbart
Eg blunda og det kvite arket
Sto i skallen på meg tomt og svart
Då vakna eg av morgonsongen frå ei kråke
Frå djupt i kråkesjela kra kra kra
Så enkelt og så genialt som lyn i tåke
Kra kra for tru og håp
Kra kra for kjærlighet
Og passe med halleluja
Ja kråka heldt så inderleg messe
Ho takka for sitt kråkeliv
For egg og reir og sol på nebbet
Og synet av sitt fagre viv
Eg glømte Petter Dass og Grundtvig
All salmebokas liturgi
Det hese skrattet frå ei kråke
Fekk salmetunga mi på gli
No syng eg berre morgonsongen frå ei kråke
Frå djupt i kråkesjela kra kra kra
Så enkelt og så genialt som lyn i tåke
Kra kra for tru og håp
Kra kra for kjærlighet
Og passe med halleluja