Ångestens Högborg
Thyrfing
7:03Sjå slottet i det fjerna Det glitrar som ei stjerna Med ny giv i sin lest går han mange rastar meir enn gjerna Gjennom mose sump og myr Og tåken jotnar spyr Ei ukjend stemme lovar gull og perlar når ein ny dag gryr Heldt oppe av eit vakkert syn Mellom skyrand og fjellbryn Åleine i skogens skumring med sin arme skrott som gjev han tyn Synkverving Ein hall tekt med gylte skjold Høyr lystig lyd av gladvold Ved gjæve gudar old kjem han seg endeleg på nært hold Kunne ikkje på eigne auge stola Borga svann som dugg for sola Brått kjende han nevar små som trekte han ned i ei svart hola Hundre pissgule auger Han ligg på ein seng av drauger Hånlege tryner kjem til syne og brer han ei dyna Vetter tar seg til rette Blodsaft og slevje skvettar Når kvasse klør nennsomt hudremsane flettar Haugfolk har gjort han gal Sendt hans sinn til mørkets dal Hans heim vart ei himmelsal men heller ei tidleg grav Nå ein blant mange sjelar Som hans triste skjebne delar Kokt i all æva i ei kolsvart trolldomskjela